Gå til sidens hovedinnhold

«Dei måtte legge seg til å sove klokka 22.30, men rykta seier at ikkje alle sovna når dei skulle»

Artikkelen er over 1 år gammel

Åttandeklassingane ved Hjelmeland ungdomsskule hadde ei veke på leirskule på Gullingen tidlegare i februar. Strandbuen har fått tilsendt bilde og korte tekstar frå elevane.

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Åttande klasse ved Hjelmeland skule har vore på leirskule på Gullingen. Åttande klasse frå Goa ungdomsskule var også der. Alle deltakarane syntest det var ei spennande skuleveke. I løpet av dei fem dagane har dei gått på ski, vore på trugetur, grilla, leika i snøen og sove på internat. Kvar dag hadde dei i tillegg ein skuletime der dei lærte om dyr, dyrespor, skredfare og førstehjelp.

Klassene vart delt opp og sov fire på kvart rom. Dei måtte legge seg til å sove klokka 22.30, men rykta seier at ikkje alle sovna når dei skulle. Dette har vi ikkje fått bekrefta enno.

Eine kvelden vart det laga til mørkevandring for dei som ville. Der fekk elevane sjå på stjernehimmelen og gå på truger. På tilbaketuren gjekk dei med faklar.

Dette var ein fellestur for Hjelmeland og Goa. Sikre kjelder informerer om at det oppstod veldig god stemning på turen.

Det var fint vêr og godt stemning når det var skileiker. Det var leikar som hauk og due med ski, skihopp, og også renning i slaomløypa.

På slutten av leirskulen var det ulike kåringar. Beste skiløpar, mest positive, mest forelska, mest omgjengeleg, beste fall, mest uheldige på ski, årets kaldaste deltakar, beste trugegåar, minst heimlengsel, og mange fleire. Kåringane medførte mykje latter.

Det var grilling kvar dag, der elevane hadde med mat frå frukosten og så lærte dei å lage bål i snøen.

Det var også overnatting i bålstova. Eg har fått høyra at ingen frå Goa eller Helmeland sov der, sjølv om nokon frå Hjelmeland prøvde i ein time. Eg har høyrt det var noko med at dei var kalde eller dotrengde. Men det har eg ikkje fått avklart ennå.

Då går det mot slutten, men me har jo fått sagt mykje om kva som har skjedd på Gullingen denne vinterveka. Me har jo skrive om grilling, kven som var der, at det var overnatting i ei bålstove, at det var forskjellige kåringar, og litt om korleis det var å vere på Gullingen.

Eg kan forsikra deg om at det har vore ein fantastisk veke på Gullingen.

Kommentarer til denne saken