Dei nye ferjekaiane i Hjelmeland blir tekne i bruk i april neste år, men det blir ikkje hydrogenferje før i september

Norled si nye elferje MF «Nesvik» kom denne veka fram til Westcon sitt verft i Ølensvåg, der skroget frå Tyrkia nå skal få motorar, batteripakke og innreiing. Skroget til elektrohydrogenferja MF «Hydra» er framleis under produksjon i Tyrkia.