Prosjektleiar Bjørn M. Steine hos Stangeland Maskin Ryfylke kan fortelja at jobben dei gjer for sandkompaniet heng saman med eit rekkefølgjekrav frå Rogaland fylkeskommune i samband med masseuttaka i området.

– Arbeidet dei gjer for oss er førebuing til å setja opp rekkverk, er den korte kommentaren frå den travle daglege leiaren i Forsand Sandkompani, Rune Haukalid.

Steine fortel at dei eigentleg skulle ha gjort denne jobben for to år sidan, men at det har blitt utsett blant anna på grunn av at Lyse tok over elverket på den andre sida av vegen.

– Fleire meter med autovern og fleire meter med støypekantar skal opp, forklarer Stangeland Maskin-prosjektleiaren.

– Det blir også noko utviding av vegen, legg han til.

Arbeidet skal vera ferdig til fellesferien, og farten blir dermed nedsett på fylkesvegen fram til då.