Gå til sidens hovedinnhold

Starten

Då Else Marie og Åsmund Bryn bygde denne hytta på Sør-Hidle i 1965 var det ikkje eit einaste tre der.

Nå er det 50 mål med forskjellige hagar på øya med mykje tre og tropiske vekstar.

Grunnleggarane

Else Marie og Åsmund Bryn bygde hytte på Sør-Hidle og dreiv gartneri på Jåttå. Han planta tre i alle sprekker han fann på eigedommen, for å gje ly.

Hagen på øya fekk stadig fleire vekster for kvart år, og i 1995 var den første sommaren Flor & Fjære blei opna for gjestar. 600 kom då på besøk.

Reiselivspris

I 2002 fekk Flor & Fjære Rogaland fylkeskommune sin reiselivspris. Frå starten for 25 år sidan har talet på gjestar auka frå 600 til rundt 35.000.

Royalt besøk

Glaskunstnar Astri Vadla Ravnås frå Bjørheimsbygd laga dette bildet då Dronning Sonja besøkte Flor & Fjære i samband med feiringa av 70-årsdagen i 2007.