Digital påskebasar på Jøsenfjorden bedehus: – Me kan ikkje berre avlysa alt, heller

Kvar skjærtorsdag er det basar på Jøsenfjorden bedehus. Basaren er det store, årlege samlingspunktet i bygda, og sikrar inntektene som trengst for å driva huset. Arrangørane nektar å la seg stoppa av koronaviruset.