Politiet melder at ein person omkom i ei ulykke med ATV måndag kveld.

Det kroatiske entreprenørselskapet Dalekovod utfører arbeid med ny kraftlinje for Statnett i området, og Stavanger Aftenblad skriv seinare måndag kveld at den omkomne er ein utanlandsk statsborgar.

Statnett si pressevakt bekreftar overfor Aftenbladet at ulykka skjedde på ein anleggsveg i området.

– Våre tankar går til kollegaer og pårørande, seier Berit Erdal i Statnett, som ikkje kan seia meir om årsaka til ulykka, til Aftenbladet.