Mann i 20-åra frå Forsand er blant dei tre sikta etter drap på 44-åring frå Bryne

DEL

Politiet har pågripe og sikta tre menn i 20-åra etter funnet av ein drepen 44-åring frå Bryne. 44-åringen blei funnen på Regestranda i Sola kommune måndag ettermiddag. Då hadde det gått eit døgn sidan han sist gav livsteikn frå seg.

Tysdag kveld gjekk politiet til pågriping av tre menn i 20-åra, ein 23-åring frå Klepp, ein 20-åring frå Hå og ein 22-åring frå Forsand, melder Stavanger Aftenblad onsdag kveld.

Dei tre mennene sat i avhøyr natt til onsdag og utover dagen onsdag. 23-åringen frå Klepp har delvis erkjent fleire forhold knytt til saka. 20-åringen erkjenner ikkje straffeskuld etter siktinga og motset seg varetektsfengsling.

Det er ukjent korleis 22-åringen stiller seg til siktinga.

Artikkeltags