Årdal, Nessa og Hetlandsbygda: Drikkevatn må kokast etter e-coli-funn

Etter at forureina drikkevatn førte til to dødsfall og mange sjuke på Askøy i Hordaland tidlegare i sommar, tek Hjelmeland kommune ingen sjansar. – Vatn som ikkje er kokt kan føra til diaré og omgangssjuke, og i verste fall skada nyrene, seier kommuneoverlege Egil Bjørløw.