Du kan følgja Hjelmeland kommune sitt nettmøte på Facebook klokka 19.00 i kveld. – Mange spørsmål er like aktuelle for folk frå andre kommunar

SKAL SVARA: Bjarte Sørensen førebur seg til å svara på mange koronaspørsmål saman med kommuneleiinga i Hjelmeland tysdag kveld.

SKAL SVARA: Bjarte Sørensen førebur seg til å svara på mange koronaspørsmål saman med kommuneleiinga i Hjelmeland tysdag kveld.

Kommuneleiinga i Hjelmeland held digitalt folkemøte om koronaviruset tysdag kveld. Nettmøtet blir strøyma direkte på Facebook-sida til Hjelmeland kommune, og opptak frå nettmøtet blir også lagd ut på strandbuen.no etter at møtet er ferdig.

DEL

Folk har sendt inn sine spørsmål til kommunen, og kommuneoverlege Bjarte Sørensen seier at dei har fått mange spørsmål. Han meiner mange av spørsmåla er like aktuelle for folk som bur andre stader.

– Det er mange spørsmål som dreier seg om Hjelmeland sine karantenereglar, om korleis folk skal gjera om dei bur i Hjelmeland og pendlar til jobb andre stader, eller om dei bur i andre kommunar og pendlar til jobb i Hjelmeland. Det er også spørsmål om hytteforbod, korleis foreldre og barn skal handtera situasjonen med stengde skular og barnehagar og generelle spørsmål om smittevern, seier Sørensen.

Sørensen får med seg ordførar, rådmann og kommunesjefane i panelet som skal svara på spørsmåla. Dette er ikkje eit nettmøte der panelet svarar skriftleg. Det blir i staden lagt opp som eit møte der panelet snakkar til kamera og folk kan følgja sendinga heime.

Om du ikkje har høve til å følgja direktesendinga på Facebook-sida til Hjelmeland kommune, eller ikkje er Facebook-brukar, kan du sjå opptak av det digitale folkemøtet på strandbuen.no seinare i kveld.

Artikkeltags