Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
For ein del år sidan prøvde eg meg i lokalpolitikken. Med naivt pågangsmot tenkte eg at eg skulle vere med å gjere verden til ein betre plass. Dessverre opplevde eg det som ganske tungt og etter utallige søvnlause netter fant eg ut at politikk ikkje var noko for meg.
Likevel befinn eg meg altså nok ein gong i eit politisk parti. Denne gang i det nyoppretta Partiet Sentrum. Grunnen til at eg har engasjert meg er at eg meiner at me som har vore heldige i livet har eit ekstra ansvar for dei som har vore mindre heldige. Partiet Sentrum har sagt at dei ønsker å jobbe for dei som opplever utenforskap – og sjølv om eg ikkje er den fødte politikar, så kjenner eg at dette er det verdt å engasjere seg i.
Sjølv er eg særlig opptatt av barn og unge, og eg trur at skulen er eit av dei områda der me kan gjere ein forskjell.
I opplæringslova står det at alle elevar har rett til opplæring tilpassa evnene og føresetnadene sine, og i læreplanen står det at me skal ha ein inkluderande skule. Dette er jo fine ord, men dersom me meiner alvor med orda, må me prioritere desse sakene i enda større grad.
Ein inkluderande skule der alle er ein like naturlig del av mangfaldet, uansett funksjonsnivå, bakgrunn eller utfordringar – det er ei god investering i framtida. Det same gjeld å gi elevane opplæring som er tilpassa deira evne. Når me ser at gutar er overrepresenterte blant elevane som får spesialundervisning, at elevar frå lågare samfunnsklassar strevar meir på skulen enn andre elevar, eller at mange framleis opplever mobbing, då veit eg ikkje om me har klart å skape ein inkluderande skule som tar hensyn til den enkelte.
Eg er nokså sikker på at alle ungdomsskuleelevar som går ut av 10. klasse med følelse av sjølvtillit, mestring og håp for framtida, har større sjanse for å fullføre vidaregåande skule og delta i arbeidslivet seinare. Å prioritere at elevar får ein god skule er bra både for elevane og for samfunnet.
Dette brenn eg for. Og slik har eg altså enda opp i arbeidsgruppa til Partiet Sentrum her i Rogaland. Dei andre i gruppa er dyktige og kloke folk som verkeleg brenn for at andre skal ha det bra. Eg føler meg nokså liten samanlikna med enkelte av dei, men eg skal i alle fall gjere det eg kan for å gjere verden litt betre.
Og til dei av dykk som seier at me treng ikkje fleire partier. Ja, eg ser den. Men fleire av dei eg har møtt på i dette partiet er folk som seier at dei aldri før har engasjert seg politisk, men at dei endeleg opplever eit parti der dei føler seg heime. Det synes eg er verdifullt.
Og til dei av dykk som er redd for at dette partiet skal stele stemmer frå dykkar eige parti. Eg forstår at det kan opplevast vanskeleg, men eg meiner og at det er opp til kvart parti å ha eit partiprogram som velgerane har lyst å stemme på. Dette er eg sikker på at dei fleste av oss er enige i.
Partiet Sentrum er framleis i oppstarten, men har du ting på hjarta så ta gjerne kontakt, enten med meg eller andre i partiet. Me har som ambisjon at enda fleire skal ta i bruk stemmeretten sin. Du finn oss blant anna på Facebook.