Gå til sidens hovedinnhold

«Er det enno von for Ryfylke?»

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

I Strandbuen 10 juni, kan ein lese om aksjonsgruppa «Ja til Folkeviljen, Nei til Tvangssamanslåing».

Målet er å få omgjort vedtaket om Nye Sandnes, og om mogleg kople Forsand og Strand saman til ein kommune. Føresetnadane er ei anna politisk samansetning på Stortinget, og vel også lokalt.

I mitt hovud er dette ein sjanse politikarane i Ryfylke bør gripe tak i, med ein gong. Om Ryfylke skulle verta delt opp i bitar og lagt innunder bykommunane, vil ein kultur og ein eigenart truleg bli utradert.

Ein levedyktig kommune

Forsand, Hjelmeland og Strand kunne, meiner eg, verta ein levedyktig og allsidig kommune, som ville kunne vareta både menneskelege og naturgjevne ressursar på ein framifrå måte, og vidareføre distriktskulturen. No bør politikarane leggje det vonde bak seg, og sjå framover, og finne fram til løysingar som tryggjer demokrati og utvikling i regionen.

Skulle det nåverande stå seg, vil mest truleg Strand bli Stavanger, når «hålet» er nedbetalt. Og Forsand fortsette å vere eit lydrike under Sandnes. Korleis Hjelmeland vil komme ut i dette biletet er ikkje godt å seie.

Men la oss sjå på realitetane. Dei to store byane har vakse vel fort dei 50 åra oljekranane har gitt pengar på bok. Sjølv om mange stretar imot, er nok oljeboomen på hell. På det meste jobba det 45 000 på Forus-myra, også ein del Ryfylkingar. Korleis,- eller med kva, ein skal fylle dei flotte glasbygga etter olja, ligg litt i det blå?

Naturgjevne ressursar er gull verdt

Over alt på Nord-Jæren er oljepengane synlege. Ein må kunne anta at det blir smerteleg å omstille seg. Og jo lenger ein ventar, jo meir vil det svi.

Les også

«Forsand var kommunen som ville unngå å hamna i bakevja, men som i staden blei ført på ville vegar»

I Ryfylke har ein hatt ei meir organisk utvikling. Sjølvsagt har «olja» vore til stor glede her og. Men ein har måtta snu litt meir på skillingen og ta det litt stegvis. Mange flinke grunderar har sytt for at her har vorte allsidig næringsverksemd. Innan primærnæringane er det enno mykje å hente.

Naturgjevne ressursar vil vere gull verdt framover. Turisme er mellom dei viktigaste vekstnæringane i den vestlege verda, om enn Korona-utsett.

Les også

Omkamp om Nye Sandnes: – Samanslåinga er ei tvangssamanslåing

Les også

– Sp ser på Nye Sandnes som ei tvangssamanslåing

Les også

«Aksjonsgruppa må belage seg på en tøff kamp»

Ein rein og vakker oase

Som Ryfylking i eksil, har eg hatt stor glede av fjella på Nord-Jæren. No er det dessverre blitt slik at ein ikkje kan stå på ein einaste topp utan å sjå 3–4 vindmølleparkar.

Ryfylke derimot ligg som ein rein og vakker oase. Kan ein klare å forvalte naturen i eit langt perspektiv, er det berre fantasien som set grenser for kva ein kan skape av næringar her. Turisme, rein luft, rein mat, kultur, vakre fjell og fjordar, vatn og tjern og skog og høgfjell. Både Forsand og Hjelmeland grensar til Bykle i Agder fylke.

Frå Ryfylke kan ein gå til Sverige utan å treffe folk om ein legg opp ruta slik. Ryfylke er porten til Fjell-Noreg. Vi har eit stort ansvar for å ta vare på denne unike naturen. Ryfylke er mellom dei viktigaste kraftprodusentane i landet. Vi må verne fjella frå «det grøne skiftet». Då vil vi ha ein ressurs som vil gje levebrød i generasjonar.

Flust av siddisar og sandnesgaukar

Strandbuen sitt innstikk, Opplev Ryfylke viser at her er framtidstru og optimisme. Mangfald. Vi skal ikkje isolere oss frå storsamfunnet og det urbane, men forvalte dei umåteleg verdfulle rikdomane vi har verna i hundrevis av år. Det skulder vi dei som vil oppleve rein natur. Det skulder vi dei som kjem etter oss.

Min draum er at politikarar og andre reinsar lufta, og legg til rette for ein Ryfylke-identitet. Om ein legg godvilje til, og finn fram til ein demokratisk modell, treng ingen å føle seg overkøyrde.

Ein treng ikkje ha berre eit kommunesenter, men dele opp slik at alle får noko kvar. Eg trur med handa på hjarta at det er betre å bryne seg på sine eigne, enn å slåst med garva, urbane heiltidspolitikarar, når den tida kjem.

Sandnes-gaukar og Siddisar er det flust av. Det er Ryfylkingen som er utryddingstruga. Det er berre vi sjølve som kan redde han. Og sjansen er no. Snart vil det vere for seint.

Kommentarer til denne saken