LANGRENN: Fleire av skirenna har blitt utsette eller avlyste denne vinteren, men Suldalsrennet blei altså gått i helga. Tysdag denne veka skulle det også ha vore skikarusell på Gullingen, men den er førebels utsett til torsdag. Det trengst meir snø om det ikkje skal bli fleire utsetjingar.
Ein gammal helt trekte også på seg skiutstyret att i Suldalsrennet. Tidlegare maratonverdscupløpar Audun Laugaland gjekk inn til tredjeplass, vel to og eit halvt minutt bak vinnar og klubbkamerat Erlend Widerøe Hennig.
Lokale pallplassar i Suldalsrennet:
Jenter 11
1. Malin Flem, Hjelmeland
Gutar 13
2. Endre Frønsdal, Hjelmeland
Jenter 14
1. Karoline Kvalvåg Hetlelid, Hjelmeland
Jenter 15
1. Kaja Kvalvåg Hetlelid, Hjelmeland
Jenter 16
1. Helene Flem, Hjelmeland
Gutar 16
1. Steinar Frønsdal, Hjelmeland
Kvinner 17
1. Ane Hjørungdal Vika, Hjelmeland
Menn 17
1. Jostein Hetlesæter, Hjelmeland
Menn senior
1. Erlend Widerøe Hennig, Hjelmeland
3. Audun Laugaland, Hjelmeland