Ernst Skogerbø (86) og søskena kunne ikkje fortelja ei sjel at det budde tre ettersøkte rømlingar i bestestova deira i fem veker

RØMLINGANE SIN HJELPAR: Ernst Skogerbø var 12 år gammal då han måtte vera med og skjula tre rømlingar i bestestova heime.

RØMLINGANE SIN HJELPAR: Ernst Skogerbø var 12 år gammal då han måtte vera med og skjula tre rømlingar i bestestova heime.

Ernst Skogerbø var elleve år gammal våren 1945. Om han eller søskena røpte det berre dei visste, var dei klare over konsekvensane. – Det var ingen nåde. Då gjekk foreldra våre med, seier han i dag, 75 år etter.

DEL

Frigjeringsjubileet blei markert på fleire hald i Hjelmeland 8. mai. Ved rømlingehytta fortalde Ernst Skogerbø om opplevingane då familien hans måtte skjula Mette Bredal, Rasmus Jonassen og Johannes Skår frå tyskarane. Dei tre hadde drive illegalt arbeid, flykta frå Gestapo i Stavanger i siste liten og klart å gøyma seg i Årdal.

Etter meir enn ei veke i dårlege klede og utan mat på Krohytta i Bønarheia, budde rømlingane fem veker i stova på Skogerbø. Dei siste fem vårvekene fram til 8. mai låg dei i skjul i den godt kamuflerte rømlingehytta.

Det var også kulturinnslag ved rømlingehytta. Gitaristen Ståle Strømsvold frå Årdal hadde med seg fiolinist Maria Klåpbakken, mellom anna kjend frå bandet i TV2-programmet «Hver gang vi møtes» under markeringa.

    Ernst Skogerbø (87) fortel om då familien hans måtte skjula tre etterlyste motstandsfolk vinteren og våren i 1945.


    Smeden frå Hjelmeland

    På Hjelmeland blei dagen markert ved at ordføraren la ned krans ved minnestøtta til dei tre hjelmelandsbuane Oliver Mjølhus, Birger Åsland og Magnus Tuntland som blei avretta i Trandumskogen i 1942.

      På Spinneriet framførte Arne Kleppa delar av diktet «Smeden fra Hjelmeland», om Georg Fjellberg, og Astrid Bjelland spela fedrelandssalma på tverrfløyte.

      Fjellberg kom frå garden med same namn i bakkane ovanom bygda Jøsenfjorden, på veg opp mot Gullingen, men i 1940 hadde han i fleire år vore smed i Hjelmelandsvågen. Han skulle vera med i kampane mot okkupasjonsmakta i Røldal i aprildagane i 1940, men kampane var over då han kom fram. Han fekk i staden ordre om å gøyma unna våpena til dei norske soldatane.

      Det gjorde Fjellberg, og det blei han teken for. Sjølv om han følgde ordre frå sin kaptein, fekk han sin dødsdom og blei skoten i romjula 1941. Hans forsvarar i rettssaka, høgsterettsadvokat Leif S. Rode, skreiv eit langt dikt om den tause, sterke og ærlege bjørnen av ein mann som måtte lida døden utan at han hadde gjort noko gale.


      Trygg på at han handla rett

      «Om hvordan slutten selv forløp

      vet vi ennå lite,

      men at han gikk og ikke krøp

      det kan vi sikkert vite

      og sjelden har en mann jeg sett

      så trygg på å ha handlet rett»

        Arne Kleppa les «Smeden frå Hjelmeland» av Leif S. Rode. Astrid Bjelland er med på tverrfløyte med «Gud signe vårt dyre fedreland».

        Slik skildrar Rode smeden og den meiningslause slutten av livet hans i diktet sitt. Det står i dag ei minnestøtte over Georg Fjellberg ved vegen til Gullingen – i nærleiken av barndomsheimen hans.

        Artikkeltags