Fellesnemnda vil ha vedtaket om grensejustering omgjort

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

Fleirtalet i fellesnemnda for Nye Sandnes var einig i at Kommunal- og moderniseringsdepartementet sitt vedtak om å la nordsida av Lysefjorden med Preikestolen gå til Strand er ei overkjøring av lokaldemokratiet. Dei vil ha det endelege vedtaket omgjort, seier dei i eit brev som blir sendt departementet.