Det er Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) som har ansvar for å kontrollera tryggleiken på norske dammar. Dei vedtok ei ny og strengare forskrift i 2010. I åra etterpå har demningane blitt kontrollerte og klassifiserte, og mange må oppgraderast, byggast om og gjerast sterkare for å følgja dei nye krava.

Steinfyllingsdemningen som held Lyngsvatnet, hovudmagasinet for Lyse Produksjon sitt kraftverk i Lysebotn, på plass, er ein av dei. Arbeidet starta i april i fjor. Det skal vera ferdig hausten 2021.

– Me investerer snautt 100 millionar kroner i dette prosjektet. I tillegg til den 660 meter lange hovuddammen, er det ein 180 meter lang sekundærdam (Norddammen) med steinfylling lengre mot nord, ein overløpsdam i betong mellom dei to og ein dam ved Håhellerdalen i andre enden av vatnet som skal forsterkast, fortel prosjektleiar i Lyse Produksjon, Arnhild Støvik.

Krevjande koronatiltak

Det betyr at det er eit betydeleg anleggsarbeid som har pågått litt utanfor der folk ferdast til dagleg det siste året. Det er store dimensjonar, fortel driftsingeniør Tord Røsand i Stangeland Maskin, entreprenørselskapet som utfører arbeidet.

– Me har hatt frå 12-15 mann i arbeid til 25-30 på det meste. Akkkurat nå er me litt færre på grunn av koronatiltak. Tidlegare har arbeidarane budd i brakker på anleggsområdet. Nå møter dei på jobb om morgonen og reiser heim på ettermiddagen. Det er litt meir tungvint, så me ser etter løysingar som gjer at me kan ta i bruk brakkene att, seier Røsand som i dag har 6-7 gravemaskinar, fire dumperar, ein borerigg og eit par lastebilar gåande i arbeidet på demningen og i steinbrotet.

Då demningen ved Lyngsvatnet blei bygd på 1960-talet, blei steinen henta i eit eige steinbrot like ved. Det siste året har steinbrotet vakse seg mykje større.

– For å få stein av rette storleikar, må me skyta ut meir stein enn me treng. Når arbeidet er over, blir den overskytande steinmassen lagt tilbake i brotet, og så legg me eit lag med jord på toppen. I løpet av nokre år vil det gro til i store delar av steinbrotet, forklarer Røsand.

Før arbeidet starta var det ein 20 meter høg, loddrett vegg i bakkant av steinbrotet. Etter at arbeidet er over vil terrenget stiga meir jamnt oppover mot toppen.

Nøyaktig arbeid

Lyse Produksjon sin byggeleiar, Richard Samslått, legg også vekt på at det vil bli finare ved Lyngsvatnet når prosjektet er ferdig.

– Fasaden på steinfyllinga i den gamle dammen var stein som var tippa. I den nye dammen blir kvar stein lagd på plass med gravemaskin, seier Samslått.

Den smale, usikra vegen på toppen blir også utvida til 8,4 meter breidde med steinmur på kvar side.

Sjølve plastringa av fasaden er eit tidkrevjande arbeid for gravemaskinkøyrarane. Og det skal gjerast nøyaktig.

– Steinane som blir brukte skal til dømes aldri stikka meir enn 25 centimeter ut frå den linja som er teikna inn i planane. Me måler dette med GPS i skuffa på gravemaskinane, og Lyse sine folk kontrollerer også dette etter kvart, fortel Tord Røsand i Stangeland Maskin.

(Eksternt innhald: Informasjonsfilm frå Lyse Produksjon)

Dette er Lyse Produksjon sin interne informasjonsvideo frå anleggsarbeidet ved Lyngsvatnet.

Richard Samslått bruker mykje tid på kontrollar av arbeidet.

– Me legg 6-7 meter med nye massar og ny stein utanpå den gamle dammen – både på sida inn mot vatnet og på sida ut mot lufta. Det skal vera ulike typar masse i kvart lag som blir lagt utanpå den gamle dammen. Alt blir kontrollert heile tida, seier han.

Nesten på toppen, men berre halvvegs

Det betyr at maskinkøyrarane startar i ein ende av fasaden og legg på nye lag utanpå den gamle dammen i ein og ein halv meters høgd langs heile dambreidda før dei startar på nytt med neste høgd. Når ein står ved foten av demningen, ser det ut som om maskinane jobbar nesten heilt på toppen. Men synet bedrar. Det blir stadig breiare oppover mot toppen.

– Me har lagt massar og plastra omtrent halvparten av det me skal, seier Tord Røsand.

Prosjektleiar Arnhild Støvik seier at sekundærdammen skal gjerast ferdig i år. Dei andre demningane blir ikkje ferdigstilte før neste år. Det betyr at prosjektet er utsett noko i tid. Korona er hovudårsaka.

– Elles har arbeidet gått omtrent etter planen. Me hadde eit sprengingsuhell i fjor, der fleire køyretøy fekk skadar, men har ikkje hatt andre alvorlege hendingar. I fjor haust var me også spente på kva tid snøen ville setja ein stoppar for arbeidet, og me diskuterte om det blei i oktober eller november. Så kom det ikkje noko særleg med snø før i mars, så me stoppa berre arbeidet i ein månad, konstaterer Støvik.

Tysdag etter påske var arbeidet i gang igjen.

Maskinfrakt på flåte

Når arbeidet med Håhellerdammen startar neste år, blir det nye utfordringar for anleggsarbeidarane. Denne dammen ligg lengre søraust i Lyngsvatnet, der elva som fører til Håhellervatnet renn ut. Det er ikkje veg til denne demningen.

– Det betyr at me må setja ein flåte på Lyngsvatnet og frakta maskinane inn til demningen. Flåten blir køyrd opp i modular og sett saman her før me set han på vatnet. Håhellerdammen er også ein steinfyllingsdam, og me planlegg eit eige steinbrot ved denne demningen, opplyser Arnhild Støvik.

– Arbeidet med denne demningen blir ekstra utfordrande om smitteverntiltaka varer til neste år. Det blir lang dagpendling om me ikkje får setja opp brakker anleggsarbeidarane kan bu i ved denne dammen, legg ho til.