Rogaland fylkeskommune skriv i ei pressemelding at ingen er tente med den ustabile situasjonen som har oppstått etter at ferjedrifta i dette sambandet blei heilt kommersiell. I dag går det ingen ferjer mellom Oanes og Lauvvik, men Boreal – som har konsesjon i sambandet – har tidlegare varsla at dei vil starta opp att til sommaren.

– Det har vore for mykje fram og tilbake med ferjedrifta her det siste året. Rogaland fylkeskommune vurderer derfor å oppretta offentleg ferjedrift att for å sikra at det blir meir stabilt, uttaler seniorkoordinator ved samferdselsavdelinga i fylkeskommunen, Reinhard Lüger, ifølgje pressemeldinga.

«Nesvik» treng innkøyring

Fylkeskommunen fryktar at trafikken på sambandet har vore lågare enn nødvendig på grunn av for lang tid mellom kvar avgang.

– 30 minutt er lenge å venta. Me vil derfor bruka påska til eit forsøk der me går med to ferjer. Ferjeselskapa Boreal og Norled er begge med på forsøket. Boreal går med MF «Petter Dass». Norled går med ferja MF «Nesvik» som skal inn i trafikk mellom Hjelmeland og Nesvik i midten av april og treng denne påsketrafikken på Høgsfjorden som ein test og ei innkøyring for både fartøy og mannskap, skriv Lüger.

Les også

Svaret nærmar seg: Vil bompengane få fleire til å bruka Høgsfjord-ferja?

Gratis heile påska

Første avgangar blir frå begge sider klokka 12.00 skjærtorsdag. Siste avgangar i denne forsøksperioden går frå begge kaiar klokka 23.45 andre påskedag. Mellom desse klokkesletta skal dei to ferjene gå med 15 minutts frekvens mellom avgangane frå begge kaiane døgnet rundt.

– Nå er det opp til folk å nytta seg av tilbodet. Det er gratis å reisa med ferjene så lenge dette forsøket pågår. Om det blir så mykje brukt som me håper, kan det bli offentleg ferjedrift med to ferjer her frå 1. mai. Blir det lite brukt trass i kort tid mellom avgangane, startar me neppe opp att. Så me håper køen med reisande står heilt til Høllesli klokka 12.00 skjærtorsdag. Folk bør kjenna si besøkelsestid, understrekar Reinhard Lüger.

Les også

Det som er gratis har alltid hatt større tiltrekningskraft enn det man må betale for