Fekk 40 kilos breiflabb i garnet

Av

Alf Rune Rugland (25) og kameraten Magnus Lekvam (24) frå Nordbygda i Strand trudde garnet hadde sett seg i botnen, men etter kvart som dei hala inn fekk dei sjå eit stort gap som kom mot dei frå djupet. Breiflabben dei drog over ripa torsdag morgon var på 39,2 kilo.