Det er fleire som har kontakta kommunen og meldt om at dei har vore vitne til nestenulykker på fylkesvegen gjennom sentrumsområdet på Fister, mellom Joker-butikken og Lid. Vegen forbi Fister Smolt og bort til naustanlegget på Lid er smal og går gjennom eit ganske tettbygd område. Det er ikkje fortau eller andre ting som sikrar mjuke trafikantar.

– Etter at butikken opna tidlegare i år er det mange fleire barn som ferdast i vegbanen. Det bør vere 30-sone fra garden Lid og opp til Joker. Et fortau bør også vurderast, i tillegg til to gangfelt og fartshumpar på strekninga, skriv ein av dei som har meldt frå.

Hjelmeland kommune har svara på meldingane. Der understrekar dei at det er Statens vegvesen som er rett adresse for meldingane, men minner om at fartsgrensa blei sett så seint som for eit par år sidan, då tryggleiken på alle skulevegar i kommunen blei vurderte.

– Vegvesenet meinte då at 50 kilometer i timen var riktig fartsgrense, ut i frå fartsgrensekriteria deira. Dei meinte og at trafikkmengda på vegen var for låg til at det kunne forsvarast å etablere gangfelt. Me tvilar på at Vegvesenet gjer andre vurderingar av fartsgrense og gangfelt no, skriv kommunen.

Dei skriv samtidig at det er forslag om nye område for bustadar i dette området i kommuneplanen som blir behandla i desse dagar, og at det er krav om gang- og sykkelveg før desse husa kan byggast.