Gå til sidens hovedinnhold

Fisterelevar på tur med hengekøyer, telt og hytte med utedo

Artikkelen er over 1 år gammel

Torsdag og fredag i sist veke var 5. - 7. trinn på Fister skule på tur til Undestøl, i heia mellom Laugaland og Årdal. – Me reiste til fjells med godt humør i sekken. 25 hengekøyer, eit telt og ei god gamal hytte med utedo vart nytta då mørket seig på. Elevar og lærarar kosa seg med bading, fisking, padling i kano, tur til Kollåsen, spikking, klatring og hogging med øks. Store og små treivst med mykje uteskule, og værgudane var definitivt på vår side. Dette kan anbefalast, og me gler oss allereie til neste gong, skriv lærar Rannveig Laugaland Frette i ei melding til Strandbuen.