Elevane frakta vatn saman

Elevane på Fjelltun skole fekk mange oppgåver dei måtte løysa saman på aktivitetsdagen tysdag. Her leiar dei vatn gjennom takrenner til ei bøtte.

Elevane på Fjelltun skole fekk mange oppgåver dei måtte løysa saman på aktivitetsdagen tysdag. Her leiar dei vatn gjennom takrenner til ei bøtte. Foto:

Av

Tysdag denne veka hadde elevane på Fjelltun skole på Jørpeland ein litt annleis skuledag med 14 forskjellige aktivitetar dei skulle løysa i grupper sett saman på tvers av trinna. Her fortel nokre av elevane sjølve om aktivitetsdagen.

DEL

Tysdag 28. mai hadde vi ein kjekk aktivitetsdag på Fjelltun.

I starten av dagen starta alle i skolegården til 71 grader nord-introen, og rektor Ruth Nina Fiskå Rypestøl heldt ein tale. Vi hadde blanda klassar frå femte, sjette og sjuande klasse. Vi hadde 14 ulike oppdrag.

Fokuset på aktivitetsdagen gjekk ut på å samarbeid godt på alle oppdraga og å bli betre kjent med elevar i andre klassar.

Det viktigaste var å fullføre oppdraga saman, ikkje å vinne.

Alle dei 14 aktivitetane var veldig ulike.

Det var totalt 14 oppgåver dei ulike gruppene kunne løysa. Her gjeld det å unngå å trø på «minene».

Det var totalt 14 oppgåver dei ulike gruppene kunne løysa. Her gjeld det å unngå å trø på «minene». Foto:

Ein av aktivitatane var «Mineleiken». Den gjekk ut på at vi skulle gå inni ein firkant med mange treklossar og gjere det i blinde. Dersom du gjekk ut på sidene, så tapte du. Men dersom du gjekk rett fram, vann du.

Ein annan leik var «Just Dance». Den gjekk ut på at du skal danse til «Waka waka dansen». Du skal greie å danse heilt likt som den personen på videoen.

Ein aktivitet gjekk ut på å bera vatn med takrenner. Der skulle vi halde ei lita takrenne kvar, og lage ein lang bane til å føre vatnet gjennom til ei stor bøtte. Det var om å gjere å fylle opp bøtta, slik at ei av plastendene datt ut av bøtta.

Her fraktar ei av gruppene ballar saman utan å bruka hendene.

Her fraktar ei av gruppene ballar saman utan å bruka hendene. Foto:

Alle som ville fekk to grillpølser til mat. Då alle hadde fått to pølser, kunne dei som var raske nok til å stille seg i kø få meir. Vi hadde ein lang matpause. Alle gruppene var gjennom tre oppdrag før mat og fire etter mat.

Sidan vi ikkje rakk alle 14 oppdraga denne gongen, er planen at vi skal ha ein ny runde etter sommarferien. Då får dei nye femteklassingane òg vere med!

Slike skuledagar som dette ønskjer vi å ha meir av!

Artikkeltags