Gå til sidens hovedinnhold

Fleirbrukshallen opna samtidig med Norge: – Her kan det skapast magi

«Velkommen tilbake til idretten» stod det på store banner då Fleirbrukshallen på Jørpeland blei offisielt opna laurdag ettermiddag. Snora blei klipt ein halvtime før koronarestriksjonane blei oppheva. Det var ein fin symbolikk i det. Idretten har merka fråfallet i dei 18 månadane dei har levd med restriksjonar. Det er få plassar det ligg betre til rette for å få ny giv enn på Jørpeland, og det var mange som nytta høvet til å prøva ting dei ikkje har gjort før då dørene blei opna.