Gå til sidens hovedinnhold

Fleirtalspartia i Hjelmeland vil tilby gratis barnehage for alle: – Me må ha alle tala på bordet, men den politiske viljen er der

Formannskapet i Hjelmeland skal ha si første behandling av budsjettet for 2022 tysdag denne veka. Der vil forslaget om å gjera alle barnehagane i kommunen gratis bli diskutert.

For abonnenter

Forslaget har blitt reist av MDG tidlegare år, og i år tyder budsjettlekkasjane på at dei får med seg dei to andre fleirtalspartia, SV og Sp, på forslaget.

Ordførar Bjørn Laugaland (Sp) vil ikkje forskottera kva som blir resultatet, men han legg ikkje skjul på at det blir jobba med å finna ei finansiering av gratis barnehagar i budsjettet.

– Det er verkeleg noko me ønskjer å få til. Førebels er det litt uklart kva kostnaden blir når me ikkje krev foreldrebetaling. Me har sett føre oss at det vil kosta 3-4 millionar kroner i året, men har fått signal om at det kan kosta litt meir. Om me skal gå for forslaget, må me vera sikre på at me har finansieringa i orden ikkje berre for 2022, men også for åra som kjem etterpå. Det må vera noko meir enn eit stunt for berre eitt år, meiner Laugaland.

Treng fleire barn

Han seier det er ei urovekkande elevtalsutvikling som viser at det blir færre barn i både barnehagar og skular i åra som kjem som er grunnen til at det politiske fleirtalet vil gå så langt som å gjera barnehagane heilt gratis.

– Me må gjera noko for å auka elevtala. Me trur at dette kan få fleire småbarnsfamiliar til å busetja seg i Hjelmeland, seier han.

Laugaland meiner også at fjerninga av foreldrebetaling i barnehagane er eit meir målretta tiltak enn til dømes ein tilsvarande reduksjon i eigedomsskatt.

– Dette er eit handslag til unge, nyetablerte småbarnsforeldre som gjerne betaler 4.000-5.000 kroner i månaden og meir for barnehageplassar, meiner Laugaland.

Les også

Hjelmeland er rausast i klassen med sjukepleiarløn: – Det er fordi andre kommunar gjer det meir i det skjulte, meiner rådmannen

Rådmannen føreslår auke

Rådmannen går i sitt budsjettforslag inn for ein liten auke i barnehagesatsane for 2022. Han føreslår at ein fulltidsplass skal kosta 3.665 kroner inklusiv mat, men legg inn 30 og 50 prosent søskenmoderasjon om det er to eller tre barn frå kvar familie.

– Det betyr at det kan kosta 7.000-8.000 kroner i månaden for dei som har tre barn i barnehagen. Fjerning av foreldrebetalinga vil utgjera ein liten del av kommunen sitt budsjett, men vera eit veldig målretta tiltak og bety veldig mykje for dei småbarnsfamiliane det gjeld, seier Morten Hetland (MDG).

Les også

Hjelmeland frys barnehage- og SFO-satsane i 2021, men vurderer ikkje lågare formueskatt: – Vil heller ha fleire barnefamiliar enn fleire rikfolk

Rullerande og gratis

På årets budsjett fekk han fleirtalet med på å frysa barnehagesatsane på 2020-nivå, men signaliserte frå talarstolen under budsjettbehandlinga at han såg på det som ein start.

– Målet har vore gratis barnehagar, og det er svært gledeleg om det blir fleirtal for dette forslaget, meiner Hetland.

Om forslaget får fleirtal, vil det bety at kommunestyret i Hjelmeland har gjort to vedtak som gjer livet enklare for småbarnsforeldre dei siste åra. I fjor gjekk dei inn for rullerande barnehageopptak som sikrar at alle får barnehageplass i løpet av ein månad, uavhengig av kva tid på året dei søker.

Nå kan plassane i tillegg altså bli gratis.

Les også

Hjelmeland innfører rullerande barnehageopptak: – Eit fantastisk tilbod til barnefamiliar

Kommentarer til denne saken