Gå til sidens hovedinnhold

Folkehjelpa fann forkommen kvinne i Røssdalen på Forsand etter å ha leita i seks timar

Klokka 05.40 fann mannskap frå Norsk Folkehjelp Strand og Forsand den tyske kvinna, som hadde gått seg vill då ho skulle gå frå Røssdalen til Blåfjellenden.

Den lokale folkehjelpsgruppa skriv følgjande på Facebook-sida si:

– Me har natt til laurdag hatt mannskap ute på krevjande redningsoppdrag i området Røssdalen og Indredalen på Forsand saman med gode samarbeidspartnarar frå Speidernes beredskapsgruppe Sør-Vest og Stavanger Røde Kors.

Dei fortel vidare at då dei fann kvinna var ho kald, men elles i god form.

– Ho fekk på seg tørre klede og blei deretter frakta ut av området med flystøtte frå 330 Skvadron, skriv folkehjelpa vidare.

Beredskapsleiar for den lokale redningsgruppa, Arne Alsvik, kan fortelja at folkehjelpa hadde åtte mannskap ute i Røssdalen under aksjonen.

– Mannskapa frå Røde Kors og rovarspeidarane i Øvre Espedal stod klare til å bistå viss det skulle bli behov utover natta, seier han.

– Kvinna blei funnen ved Ernsttjørna, gitt varme klede, mat og drikke. Ho blei henta ut av 330 på staden saman med mannskapa våre og sett av i Vinddalen, held Alsvik fram.

Politiet takkar på Twitter dei frivillige mannskapa for innsatsen med å finna den sakna kvinna.

Les også

Færre aksjoner for Norsk Folkehjelp i år

Les også

Norsk Folkehjelp har aldri hjulpet så mange som i 2019: – Så lenge det er flere ute og går, så øker oppdragene

Kommentarer til denne saken