Klokka 16 fredag meldte ein utanlandsk turgåar at han hadde gått seg vill i Røssdalen, opplyser Politiet i Sør-Vest på Twitter klokka fem over halv seks.

– Posisjonen til mannen er kjent for politiet og redningsmannskapa frå Norsk Folkehjelp Strand og Forsand tar seg inn til fots for å hjelpa mannen ned, skriv politiet vidare.

Like over klokka 18 blei det klart at redningshelikopteret frå Sola blei ledig og fyk inn i området for å henta ut mannen. Redningsmannskapa held fram til fots.