Nedgangen i folketalet held fram

FORSAND: Tala for Forsand fortel om ti færre innbyggjarar i fyrste kvartal.

FORSAND: Tala for Forsand fortel om ti færre innbyggjarar i fyrste kvartal. Foto:

I fjor var Forsand blant rogalandskommunane som fekk prosentvis størst tilbakegang i folketalet, med minus 4,3 prosent. Nedgangen held fram så langt i 2019.

DEL

Statistisk sentralbyrå (SSB) sine ferskaste tal for befolkningsutviklinga i kommunene, som fortel om utviklinga i fyrste kvartal av dette året, viser nedgang i Forsand og Hjelmeland og plusstal i Strand. Tala for Forsand fortel om ti færre innbyggjarar i fyrste kvartal. Hjelmeland har ved utgangen av kvartalet tre færre innbyggjarar enn ved starten på året, mens Strand etter nyttår har auka innbyggjartalet med åtte personar.

Av dei tre kommunane er det bare Hjelmeland som kan visa til positive flyttetal i fyrste kvartal av 2019. Låge fødselstal i forhold til talet på døde gjer at Hjelmeland har ein liten nedgang i folketalet, sjølv om fleire har flytta inn enn ut. Både Strand og Forsand har så langt i år hatt fleire utflyttingar enn innflyttingar. Strand hadde forholdsvis høge fødselstal, mens det i Forsand ikkje var ein einaste nyfødd i første kvartal, ifølge tala til SSB.

Innbyggjartalet i Strand ved utgangen av kvartalet på 12.728. I Hjelmeland var talet 2.681, og i Forsand 1.183.

Elles i Ryfylke-området hadde både Suldal og Sauda folkeauke i fyrste kvartal. I Finnøy var talet uendra. Sandnes, Sola, Gjesdal, Rennesøy og Randaberg har hatt forholdsvis stor vekst i folketalet i starten av dette året. Gjesdal og Randaberg, som begge har nesten like mange innbyggjarar som Strand, auka folketalet med respektive 50 og 49 personar. Desse to kommunane fekk mange innflyttarar.

Befolkninga i Noreg voks med 6.600 personar i fyrste kvartal. Både fødselsoverskot og innvandring bidrog til auken, sjølv om talet på innvandringar heldt seg lågt samanlikna med det siste tiåret, fortel SSB.

Auken i folketal gjeld ikkje for alle delar av landet. Befolkninga minka i åtte fylke, og ho gjekk ned i 239 av landets 422 kommunar. SSB har peika på samanhengen mellom minkande innvandring og aukande sentralisering. Tala frå det fyrste kvartalet av 2019 stadfestar denne utviklinga. På landsbasis blei det registrert fleire fødslar i fyrste kvartal av 2019 enn i same kvartal året før.



Artikkeltags