Frå januar 2021 til oktober 2022 inspiserte Mattilsynet 582 svinehald i Noreg - litt under ein fjerdedel av alle svinehalda i landet. Resultata var, som Jærbladet har omtalt før, ikkje noko å ropa hurra for. Mattilsynet fann brot på dyrevelferda i over halvparten av tilfella.

57 av 115 tilfelle i Rogaland

I region sør og vest, som Jæren høyrer inn under, vart det funne regelbrot i 63 prosent av tilfella. Regelbrota som vart funne dreier seg i hovudsak om for lite strø og materiale til grisane kan rota rundt i, og for dårleg oppfølging av sjuke og skada dyr.

I Mattilsynet sin rapport frå tilsynsprosjektet, kjem det fram at ein «vesentlig større andel» av dei mest alvorlege tilfella vart funne i nettopp region sør og vest. Region sør og vest omfattar dei tre fylka Agder, Rogaland og Vestland.

Då Jærbladet snakka med Geir Nødland, som er Mattilsynet sin avdelingssjef for avdeling Sør-Rogaland, Flekkefjord og Sirdal i Mattilsynet, ville han ikkje gå ut med meir lokale tal, men stadfesta at tala for Rogaland er dårlege.

– Det er ein høgare andel her som har brot på regelverket, sa Nødland og la til at det hadde vore fatta fleire hastevedtak.

I samband med kampanjne fatta Mattilsynettil saman 115 hastevedtak over heile landet. Dette er vedtak gjort i tilfeller der Mattilsynet meiner det hastar så mykje å retta opp i forholda at det ikkje er tid til å første førehandsvarsla vedtaket til bonden.

Hastevedtak nyttast oftast i tilfelle der det er brot på reglane for behandling av sjuke og skada dyr.

Sjuke og skada dyr

Stavanger Aftenblad har bede om innsyn i hastevedtaka som blei fatta. Tala dei har henta ut, underbygger utsegna frå Nødland. Av dei totalt 115 hastevedtaka som vart fatta i samband med kampanjen, gjaldt 57 av dei svinehald i Rogaland. Det er nær halvparten.

Ifølge avisa handlar fleire av tiltaka om at sjuke og skada dyr må få behandling, og i nokre tilfeller at dei må avlivast.

Rett etter at rapporten kom, snakka Jærbladet med Håkon Varhaug i Varhaug bondelag. Bondelagsleiaren kunne fortella at mange av svinebøndene han hadde snakka med, kjente seg slitne og leie av all den negative merksemda.

Varhaug understreka at dei fleste av grisebøndene gjer alt heilt rett og meinte at mange av avvika Mattilsynet meinte å ha avdekka, i realiteten dreide seg om ulike forståingar av tolkingsspørsmål - til dømes at det skal vera tilstrekkeleg med rotemateriale i grisebingane.

Om behandling av sjuke og skada dyr, sa Varhaug følgande:

– Ein skal ta tak i sjuke og skada dyr med ein gang. Noko anna vil me ikkje sjå.


Kvifor Rogaland?

Samtidig la han til at mange av dei han hadde snakka med meinte det var feil at ei heil næring vart hengt ut på grunn av at einskilde grisebønder hadde gjort feil, og at mange bønder no er slitne og leie av den negative merksemda.

Stavanger Aftenblad spurte leiaren i Rogaland Bondelag, Marit Epletveit, om kvifor ein finn nær halvparten av hastevedtaka i Rogaland, svara ho «veit ikkje».

– Me må finna ut korleis me kan betra tala. Kva ligg til grunn? Er det haldningar? Eg synest det er skremmande, svara ho.

Då Mattilsynet sette i gang kampanjen, var det med bakgrunn i ein tidlegare tilsynskampanje nettopp i Rogaland, der Mattilsynet satte seg fore å kontrollera alle slaktegrisprodusentane i fylket. Dei ga seg etter å ha kontrollert ein tredjedel, mellom anna fordi dei hadde funne langt fleire alvorlege avvik enn venta, noko som førte til omfattande sakshandsaming.

Kampanjen førte til ei lang rekke negative medieoppslag. Seinare kom òg dokumentarfilmen «Griseindustriens hemmeligheter», der mykje av filminga -gjort med skjult kamera- vart gjort på Jæren.

I rapporten frå den nasjonale kampanjen oppgjer Mattilsynet både dokumentarfilmen og den tidlegare tilsynskampanjen i Rogaland som grunnlag for å slå fast at det er naudsynt med meir kunnskap om dyrevelferda i Noreg.

Geir Nødland i avdeling Rogaland, Flekkefjord og Sirdal i Mattilsynet, har tidlegare uttalt til Jærbladet at dei er i ferd med å gå gjennom dei lokale tala frå den nasjonale kampanjen, og at ein av tinga dei vil sjå nærare på, er årsaka til dei geografiske skilnadane.

– Regelverket har vore tydeleg i mange år, det har vore påpeikt fleire ganger, og me såg jo kva som kom fram under den forrige tilsynskampanjen. Bøndene her har lova bot og bedring før, så resultata er absolutt ikkje gode nok, sa Nødland.