Stenger kommunehuset på Forsand frå vesle julaftan

I samband med samanslåinga med Sandnes vil kommunehuset i Forsand vera stengt frå vesle julaftan til 6. januar. Frå 1. januar blir det nytt telefonnummer for å nå kommunen, og frå 20. desember av blir alle søknader til Forsand kommune stoppa.