BLIR MED VIDARE: Guro Heggemsnes Fløysvik er vald inn i Sandnes kommunestyre for KrF og skal tala Forsand si sak i den nye storkommunen. Partikollegaene i Forsand kommunestyre, Morten Oaland og Torstein Haukali, til høgre for ho.
Elin Moen Karlsen

Guro har stemt i Forsand kommunestyre for siste gong

Guro Heggemsnes Fløysvik (38) og Kåre Oaland (58) var i Forsand kommunestyre sitt aller siste møte nokon gong med på å vedta å løyva 15,3 millionar kroner frå kraftfondet, stemma over ni habilitetsspørsmål og delta i tre gruppemøte i løpet av dei fem og ein halv timane møtet varte.
Publisert