Gå til sidens hovedinnhold

Første koronadødsfall i Strand

Artikkelen er over 1 år gammel

Ordførar Irene Heng Lauvsnes stadfestar at ein koronasmitta pasient mellom 60 og 70 år frå Strand døde tysdag ved Stavanger universitetssjukehus.

– Mi djupaste medkjensle går til dei som har mista ein av sine næraste, seier Lauvsnes til lokalavisa.

På grunn av personvernet og omsynet til dei pårørande vil ikkje kommunen gå ut med meir opplysingar om den avdøde.

– Det er dette me jobbar for at færrast muleg skal oppleva, seier ordføraren.

Kommentarer til denne saken