Tett og tøft lokalderby: Suldal blei hakket for sterke

BESTE SPELAR: Alexander Laugaland Munthe var god i mål mot Suldal, og i sluttsekunda var han nær ved å bli målskårar då han blei med fram på corner.

BESTE SPELAR: Alexander Laugaland Munthe var god i mål mot Suldal, og i sluttsekunda var han nær ved å bli målskårar då han blei med fram på corner. Foto:

Eit av Hjelmeland sine hovudmål denne sesongen var å vinna heimekampen mot Suldal. Dei klarte det ikkje, men fytti grisen som dei prøvde i den beste og mest spennande kampen på Hjelmeland dei siste åra.

DEL

FOTBALL: Hjelmeland sa før sesongen starta at det var viktig å vinna lokaloppgjera mot Suldal. Vel, tysdag kveld stod naboen i dei gule draktane på motsett banehalvdel på kunstgrasbanen på Hjelmeland. Hjelmeland var oppe til eksamen, og dei gjekk ut i hundre.

Etter ein veldig frisk start av Hjelmeland, var det Suldal som tok over utover i første omgang. Dei var fysisk sterkare, betre organiserte og farlegare framfor mål.

Hjelmeland sine lange ballar fram mot ein altfor einsamt jagande Christian Laugaland Munthe blei enkelt klarerte tilbake av eit effektivt Suldal-forsvar.

Ein halvtime ut i omgangen skåra Suldal ganske fortent. Det kunne fort ha blitt fleire mål før pause, men Alexander Laugaland Munthe hadde ein god dag mellom stengene. God på streken, sikker i feltet og trygg på tilbakespel.

I andre omgang var det eit endå tyngre og meir tent Hjelmeland som igjen tok initiativ frå start. Det var tett, hardt og mykje vilje i andre omgang. Om lag 20 minutt ut i omgangen slo Jon Viggo Andresen eit frispark nesten frå midtstreken og inn i feltet. Der gjekk broren, Harald Andresen, opp i ein duell med Suldal sin keeper.

Duellen forstyrra keeper nok til at frisparket gjekk rett i mål. Det var ei fortent utlikning.

RETT I MÅL: Harald Andresen forstyrra Suldal sin keeper nok til at frisparket frå broren, Jon Viggo Andresen, gjekk rett i mål frå 40 meters hald.

RETT I MÅL: Harald Andresen forstyrra Suldal sin keeper nok til at frisparket frå broren, Jon Viggo Andresen, gjekk rett i mål frå 40 meters hald. Foto:

Kampen hardna ytterlegare til etter dette, og det gjekk berre eit par minutt før Suldal fekk ein korrekt straffe. Den blei sett sikkert i mål, og Suldal var i teten att.

Resten av kampen var prega av eit jagande Hjelmeland, eit kontrande Suldal, tøft spel, høg temperatur og fleire gule kort. Suldal tok seg veldig god tid kvar gong ballen var ute av spel. Hjelmeland blei frustrerte. Det kunne fort ha blitt nokre raude kort mot slutten av kampen, men ein myndig og erfaren dommar valde i staden å snakka hardt til spelarane frå begge lag.

Hjelmeland køyrde fram det dei hadde i sluttsekunda, men det enda 1-2. Det var greitt nok etter spel og sjansar, men det hadde heller ikkje vore ufortent med 2-2 i ein kamp begge laga la mykje prestisje i.

MINST OG HØGAST: Amanuel Kifle var yngst og minst på banen, men vann likevel duellar i lufta. Han var også flink til å halda spelet langs bakken.

MINST OG HØGAST: Amanuel Kifle var yngst og minst på banen, men vann likevel duellar i lufta. Han var også flink til å halda spelet langs bakken.

Alexander Laugaland Munthe var best på Hjelmeland. Unge Amanuel Kifle skapte mange sjansar i andre omgang og spelte ein god kamp.

Artikkeltags