Lotte Fjelde (14) speler på landslaget mot Belgia

Då Lotte Fjelde frå Jørpeland var på veg for å spela kretskamp mot Agder sundag fekk ho telefon frå leiinga til jenter 15-landslaget om ho kunne vera med å spela landskampar mot Belgia på fredag og sundag. Midtbanespelaren var aldri i tvil om kva ho skulle svara.