Staal hadde flest målsjansar i oppgjeret mot Storm i Norsk Tipping-ligaen avdeling 3 laurdag. Daniel Ciach skåra 1-0-målet på straffe i det 41. minutt. Her kan du sjå høgdepunkta frå kampen. Straffemålet fekk me dessverre ikkje med, men 2-0-skåringa til Erik Steinsland og fleire andre sjansar finn du blant høgdepunkta. Strandbuen beklagar igjen den manglande lyden på opptaka.