Det blei ein dramatisk kamp i Mandal i helga. Heile tre raude kort delte dommaren ut. Staals toppskårar Daniel Ciach og Kristoffer Ramsland fekk to av dei. Ciach etter ein duell med MK-keeperen og Ramsland for å ha dytta dommaren etter at kampen var blåst av. I tillegg blei også målet Aleksander Hjelmervik Hinna skåra for Staal annullert. I videoen får du sjå høgdepunkta frå kampen mellom Mandalskameratene og Staal Jørpeland.