Senterpartiet vil reetablera Tauvassdraget som lakseførande vassdrag

STORT POTENSIAL: Senterpartiet meiner potensialet for å reetablere Tauvassdraget som lakseførande vassdrag er stort.

STORT POTENSIAL: Senterpartiet meiner potensialet for å reetablere Tauvassdraget som lakseførande vassdrag er stort. Foto:

Av
DEL

MeningerI Tauvassdraget var det både laks og sjøaure fram til midt på 1800-tallet. Etter at elva tok nytt løp ved utløpet til sjø ca. 1850 og det blei etablert vandringshinder ved turbinmølle og seinare kraftverk, har det ikkje blitt dokumentert oppvandring av anadrom fisk til vassdraget.

Fjerning av vandringshinder og andre tiltak kan gi opp mot 20 km lakseførande strekning i Tauvassdraget. Potensialet for næringsutvikling er difor stort både for grunneigarane og for andre lokale aktørar innan turisme, handel og service. Tauvassdraget er også ein viktig ressurs for Strand VGS, spesielt for utdanninga innan Naturbruk.

I budsjettet for 2019 fekk Senterpartiet gjennomslag for å sette av 500.000 kr til å utarbeide eit forprosjekt for reetablering av Tauvassdraget som anadromt vassdrag.

NORCE LFI – eit konsulentfirma i Bergen har på oppdrag frå Tau Elveeigarlag og Strand kommune utarbeida rapporten «Kartlegging av habitatforhold for laksefisk i Tauvassdraget» som blei presentert for kommunestyrets medlemmer 22.01.2020.

Rapporten er veldig positiv, og konkluderer med at det er gode muligheter for å reetablere Tauvassdraget som lakseførande vassdrag. Senterpartiet meiner at potensialet er så stort at det både er av regional og nasjonal interesse.

For Tau Elveeigarlag og Strand kommune er det no viktig å knytta til seg dei rette aktørane både regionalt og nasjonalt, for å ta prosjektet vidare når det gjeld organisering, konkrete tiltak med kostnadsoverslag, finansiering og framdrift.

Ifølge vedtaket frå 2019 skal «Forprosjektet følges opp med en politisk sak med anbefalinger for videre arbeid og oppfølging fra Strand kommune». Me venter i spenning på ei oppfølgingssak frå rådmannen.

Artikkeltags