Tidleg frukthaust med store avlingar

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

På Ryfylkefrukt sitt pakkeri i Årdal er sesongen godt i gang. Klimaendringar har gjort at frukthausten generelt er eit par veker tidlegare enn for 30 år sidan, men dette året er heilt spesielt. Det har truleg aldri vore så tidleg frukthaust som i år. Varmen har dessutan gitt store fruktavlingar.