Etter fleire medieoppslag om situasjonen med dårleg inneklima på Jørpeland ungdomsskole reagerte Fylkesmannen. I juni bad dei Strand kommune om informasjon om korleis kommunen sikrar regelmessige tilsyn og sørgjer for at tilsynet fungerer slik styresmaktene sine intensjonar er.

Det er den enkelte kommunen som sjølv har ansvar for å gjennomføre tilsyn med skular og barnehagar i kommunen.

Fylkesmannen er ikkje fornøgd med tilbakemeldinga frå kommunen. Svaret dei har fått avklarer ikkje om kommunen har kontroll på at forskrifter blir følgde i barnehagar og skular.

– Dokumentasjon som er lagt fram tyder på at det ikkje blir ført regelmessig tilsyn med verksemdene og at risikoforhold ikkje rutinemessig blir meldt til- eller vurdert av tilsynsorganet, står det i brevet frå Fylkesmannen, som er signert av avdelingsdirektør og fylkeslege Janne Dahle-Melhus og seniorrådgivar Helge A. Haga.

Dei varslar at det kjem til å følgje opp Strand kommune sitt arbeid med tilsyn med miljøretta helsevern i skular og barnehagar ved å gjere fleire undersøkingar. Fylkesmannen vurderer sjølv å gjere tilsyn og gjennomføre dette i 2021.

Då skal dei undersøkje om kommunen gjer som dei er plikta til når det kjem til å passe på at inne- og utemiljø i barnehagar og skular fremjer barna si helse og trivsel og førebyggjer sjukdom og skade.

Ikkje tilsyn på åtte år

Fylkesmannen peikar på at ein av skulane i Strand ikkje har hatt tilsyn på åtte år. Ein annan skule har ikkje hatt tilsyn sidan 2013.

– Dokumentasjonen viser at fleire skular har godkjenning med vilkår frå 2001 eller tidlegare.

I 2017 blei det gjennomført ei inneklimaundersøking og eit tilsyn med det miljøretta helsevernet på Jørpeland ungdomsskole. I rapporten frå tilsynet står det ingenting om problem med inneklima, sjølv om det allereie då hadde vore eit problem i fleire år.

Dette reagerer Fylkesmannen på og minner om at kommunen sjølv skal vurdere eigne initiativ viss dei blir kjende med risikoforhold som kan vere helsefarlege for barna.

Tar vurderingane til etterretning

Helseleiar i Strand kommune, Grete Strømsmo, seier kommunen, som tar brevet frå Fylkesmannen til etterretning.

– Fylkesmannen er veldig nøye på lovar og regelverk. Me har ikkje hatt ein samfunnsmedisinsk kompetanse til å ta vare på tilsynsarbeidet etter folkehelseloven.

– Kvifor ikkje?

– Me har hatt fragmenterte kommunelegefunksjonar. Det betyr at me har tre legar med tre ulike funksjonar. Me har hatt ein lege med samfunnsmedisinsk kompetanse, men hennar stillingsprosent har ikkje vore høg nok til å ta vare på tilsynsarbeidet.

Strømsmo seier vidare at ho er samd med beskrivingane til Fylkesmannen.

– Me må få eit betre system for tilsyn. Me har eit veldig godt samarbeid med miljøretta helsevern hos Rogaland brann og redning IKS og dei har ei god oppfølging på dette. Det er dyktige folk.

Ho fortel at dei har hatt møte med Rogaland brann og redning for å sjå på kva skular og barnehagar dei skal gjennomføre tilsyn hos.

– Me meiner dei har eit veldig godt system for dette, men om me må gjere det betre, så skal me gjere det.

Glad det skjer noko

Verneombod på Jørpeland ungdomsskole (JUS) og tillitsvald i Skolenes landsforbund, Paul Tellef Hødnebø, er glad Fylkesmannen tek tak i problema med inneklimaet.

– Det er bra det kjem ein instans og ser på dette og greitt at nokon pushar på slik at det ikkje stoppar opp, seier han.

Mycoteam gjennomførte ei inneklimaundersøking på skulen i juni. Dei gjennomførte òg ei undersøking i 2018.

I konklusjonen til rapporten heiter det at det i all hovudsak ikkje er nokre indikasjonar på unormale muggsopp- eller partikkelpåverknader på innelufta i dei undersøkte områda på JUS. Men i bygg E viser prøveresultata ei auka mengde muggsopp i korridoren og i eit klasserom.

– Dette kan skuldast lokal vekst av muggsopp i område med antatt vannsøl, som under utslagsvaskar og i område med mykje trafikk eller fuktige ytterklede eller sko, står det i rapporten.

Det står òg at luftopptrekk frå underliggjande krypkjellarar framleis er ei utfordring, sjølv om det er gjort tettearbeid dei fleste stader.

– Folk reagerer jo

Mycoteam deler tilstandsgraden i forskjellige delar av skulebygget inn i fire; ingen unormal verdi med ingen konsekvensar, låg verdi med små konsekvensar, middels høg verdi med middels store konsekvensar og høg verdi med store konsekvensar.

I tabellane med prøveresultat frå ungdomsskulen på Jørpeland er dei fleste resultata gode, men det er funne nokon avvik her og der. På eit kontor i F-bygget er det til dømes eit middels avvik på svartstrålemugg. I E-bygget er det òg nokon middels avvik på penicillinmugg, svart vatnskademugg og aktinobakteriar.

– Rapporten viser ikkje alarmerande forhold, men fleire småting dukkar opp. Eg tolkar det slik at mange bekkar små gjer ein stor å. Ingenting lyser knallraudt, men folk reagerer jo, seier Hødnebø.