Gå til sidens hovedinnhold

Jørpeland Handelsforening har diskutert gågate i 20 år. I fjor prøvde dei ut gågate i avgrensa periodar. I år blir det ei rundt 80 meter lang gågate frå 1. juli til 22. august.

Gågata er eit samarbeid mellom handelsforeininga og Strand kommune. Kommunen har bidratt med 242.000 kroner for å bidra til gågata.

Butikkane håper at gågata kan vera med og gjera at fleire besøker Jørpeland sentrum og handlar i butikkane.

Motehuset Byberg mistar 21 parkeringsplassar framføre butikken med gågata. Her har dei prøvd å laga eit miljø som gjer at folk stoppar opp. Her er Hanna (8) og Marte (3) Oaland i gang med å prøva ut det nyoppteikna paradiset utanfor kledebutikken.