Gamle Forsand lova vekk 26,5 millionar frå kraftfondet. Då Nye Sandnes tok over var det 2,5 millionar igjen på kontoen

Då Nye Sandnes gjekk gjennom fondstildelingane i Gamle Forsand frå 2016 og fram til 2019 fann dei ut at det står att utbetalingar på 26,5 millionar kroner til ulike næringsføremål, og det er langt frå dekning til dette på kontoen.