– Eg håper politikarane i Strand står ved det dei lova oss

Johanne Thu var på førehand skeptisk til forslaget frå fleirtalspartia i Strand, om å etablera ei søknadsordning der føresette kan søkja om at elevar får halda fram på Forsand skule. Etter eit møte med Strand-politikarane måndag kveld er ho meir positivt innstilt.