Grensejusteringa: – I utgangspunktet tenker ikkje Sandnes å krevja kompensasjon, men me er nysgjerrige på Stavanger-Hjelmeland-avtalen

Strand-rådmannen oppfattar det slik at Strand og Sandnes kommunar blei einige i førre veke om at Strand ikkje skal betala noko i økonomisk kompensasjon for den grensejusterte delen av gamle Forsand på nordsida av Lysefjorden. Sandnes-rådmannen er avventande.