Grobina-ordførar Aivars Priedols: – Gratulerer med nasjonaldagen, Hjelmeland

GAMAL VENSKAP: Ordførarane Aivars Priedols i Grobina (til venstre) og Bjørn Laugaland i Hjelmeland har same verv i dag som dei hadde då dette bildet blei teke i 2010.

GAMAL VENSKAP: Ordførarane Aivars Priedols i Grobina (til venstre) og Bjørn Laugaland i Hjelmeland har same verv i dag som dei hadde då dette bildet blei teke i 2010. Foto:

I samband med 17. mai mottok Hjelmeland kommune ei helsing frå ordføraren i den latviske venskapskommunen Grobina.

DEL

– Frå djupet av hjarta mitt, og på vegner av alle innbyggarar i Grobina, vil eg gratulera Norge og alle hjelmelandsbuar på denne spesielle dagen – Nasjonaldagen, skriv den mangeårige ordføraren i Grobina, Aivars Priedols.

Priedols skriv at han godt forstår at Norge, som har blitt styrt av andre nasjonar i hundrevis av år, feirar sin fridom som uavhengig land. Han trekkjer også fram at Norge har opplevd harde tider, mellom anna på grunn av kalde og lange vintrar og lite dyrkbart land.

– Norge feirar derfor sin fridom, sitt styresett og demokratiske rettar for sitt folk. Og landet feirar sin velstand på den audmjuke måten som er ein kjerneverdi for nordmenn, meiner Priedols, som håpar folk i Hjelmeland feirar i hjarta og heimane sine sjølv om feiringa akkurat i år ikkje ser ut som andre år.

Artikkeltags