I Lyngsheia og i området ved Sandvatnet ligg det nokre få centimeter med snø, men på langt nær nok til å gå skiturar enno. Vêrprognosane for dei komande dagane spår nedbør som snø over 400-500 meter.

På Bjødnabu i Hjelmeland kommune kom det rundt 22 cm med snø i skiløypa i helga som var, men det var for blautt underlag og litt for mange plussgrader som sette inn etterpå til at det let seg gjera å preparere løypene der førebels.

På Gullingen derimot, der er det flott no. Vi har snakka med løypekjøraren Bjørn Egil Nerheim, som har ansvar for skiløypene på Gullingen.

– Frå skitrekket og innover mot Sandsavatnet er det køyrt opp fine løyper no, og det ligg ein cirka 20-25 centimeter snø. Det er i løypene. Utafor løypene, i terrenget, er det noko mindre, men her er fullt mogleg med fine skiturar, seier han entusiastisk.I helga som var hadde mykje folk tatt seg opp til Gullingen etter kvart som rykta om godt skiføre spreidde seg. Då vi snakka med Nerheim i går, var det plussgrader og noko regn.