Serine stoppa mykje på Sørlandet

HØG REDNINGSPROSENT: Staal-målvakt Serine Oftedal hadde ein redningsprosent på 42 prosent mot AK28.

HØG REDNINGSPROSENT: Staal-målvakt Serine Oftedal hadde ein redningsprosent på 42 prosent mot AK28. Foto:

Det blei ei tøff helg for Staal Jørpeland sitt damelag på Sørlandet. Laurdag fekk dei bank av Grane 2 og på sundag spelte dei nesten heilt jamt med AK28.

DEL

HANDBALL: Målvakt Serine Oftedal blei kåra til Staal sin beste spelar mot AK28 i Odderneshallen i Kristiansand. Kampen enda 21-20 (11-8).

– Det var ein forsvarskamp og Serine hadde ein redningsprosent på 42 prosent. I kampen dagen før var redningsprosenten hennar på 23 prosent, så det er enorm forbetring. Det har sjølvsagt mykje med forsvaret også å gjera, peikar Staal-oppmann Steinar Haaland på.

Emma Norland blei Staal sin toppskårar og fekk to poeng for innsatsen. Nora Tungland fekk eitt poeng og skåra tre mål mot AK28.

Heimelaget leia store delar av kampen, men det var også uavgjort fleire gonger. Då det var rundt fire minutt igjen av kampen, på stillinga 20-17, begynte Staal å jobba seg innpå vertane.

På nippet

– Det blei 20-18, 20-19 og 20-20. Då var det bare så vidt over eitt minutt igjen av kampen. Så klarer dei å få eitt mål. Me fekk også sjansen til å utjamna, men det glapp, fortel Haaland.

Laurdag møtte Staal eit A-lagsstoppa Grane Arendal 2 i i Granehallen i Arendal. Sist dei spelte mot kvarandre i Strandahallen i november vann Staal 34-22.

– Dei hadde heilt tydeleg forsterka laget med fleire a-lagsspelarar. Spesielt utmerka ein back og målvakta seg, forklarer Haaland.

Grane-back Nora Hushovd Folgerø skåra heile 11 mål mot Staal i kampen. Kampen enda til slutt 33-22 (17-12).

TOPPSKÅRAR: Emma Norland leverer i kamp etter kamp og blei toppskårar i begge kampane på Sørlandet.

TOPPSKÅRAR: Emma Norland leverer i kamp etter kamp og blei toppskårar i begge kampane på Sørlandet. Foto:

Emma Norland blei toppskårar med åtte mål også i denne kampen og fekk tre poeng. Live Strømsnes fekk to poeng og skåra fire mål. Nykommar Kajsa Rygh Bowitz, som nyleg blei 16 år, skåra to mål og fekk eitt poeng.

Vann samanlagt

– Kajsa spelte godt i begge kampane på Sørlandet, seier Staal-oppmann Steinar Haaland.

Staal heldt følgje til omtrent 18 minutt ut i kampen, då var stillinga 9-9, så begynte Grane Arendal for alvor å dra ifrå.

– Det var eigentleg ikkje tvil om at dei kom til å vinna kampen. Me trøystar oss med at me vann samanlagt i dei to kampane me har spelt mot Grane, seier Haaland.

Staal ligg nå på tiande plass på tabellen i tredje divisjon i Sørvest-regionen. AK28 ligg på sjuande, medan Grane Arendal 2 ligg på niande plass.

I morgon speler Staal borte mot tabellfirar Nærbø 2.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken