Hanne Kvernberg Hidlefjord blei kjapt hiven inn i arbeidet på Flor & Fjære då ho blei kjærast med Endre Bryn Hidlefjord i 2012. Ho har guida gjestar i dei tropiske hagane sidan då.
Svigerforeldra mine er kjekke som inkluderte meg frå starten av og gav meg tillit. Eg er veldig admjuk for at dei ville at eg skulle bli dagleg leiar. Det var stort av dei.
Hanne Kvernberg Hidlefjord
Frå mars til oktober bur Hanne Kvernberg Hidlefjord, mannen Endre Bryn Hidlefjord og dei to døtrene deira på Sør-Hidle.
Eg har alltid tenkt at viss eg ikkje treivst som advokat, så kunne eg ha tenkt meg å starta ein blomsterbutikk.
Hanne Kvernberg Hidlefjord
Hanne Kvernberg Hidlefjord og Endre Bryn Hidlefjord har kjøpt ein gard på Sør-Hidle, der dei har cirka 100 sauer med lam.
Garden må rustast opp og det er eit arbeid dei trur vil ta fleire år, men dei satsar på å busetja seg permanent på øya når den ein dag står klar.
Hanne er eit kjempetilskot til familien. Eg ser mange parallellar mellom ho og Endre til korleis det var då Olav og eg starta å driva Flor & Fjære.
Siri Lærdal Bryn
Hanne kan best beskrivast som ein raus person som alltid vil det beste for andre. Ho har alltid ei utstrekt hand.
Venninne Marita Hagen