Startar arbeidet med Helgøybrua i løpet av ein månad. Kan vera klar til jul neste år

Rogaland fylkeskommune vedtok bygginga av bru til Helgøy i Årdalsfjorden i fjor haust. Planlegginga er i rute, og i løpet av ein månads tid skal entreprenøren, Vassbakk & Stol AS, vera i gang med skogrydding langs vegtraseen.