Politiet melder på Twitter at piloten av helikopteret skal vera lettare skadd.

– Me er ikkje framme ved helikopteret ennå, så me veit ikkje kor alvorleg det er, seier vaktleiar hos brannvesenet.

Det skal vera ein person om bord.

– Helikopteret skal ikkje ha tatt fyr, seier vaktleiaren.

Statnett arbeider for tida med ny kraftlinje frå Lysebotn til i Songedalen, og helikopteret blei brukt i samband med dette.

Strandbuen kjem tilbake med meir.