Kolabygdingar til Eikehaugen barnehage på Fiskå?

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA Foto:

Av
DEL

MeningerSer i Strandbuen 19.02 at det i sosiale medium nærast blir «skremt» med at barn frå Kolabygda kan måtta heilt til Fiskå for å få barnehageplass. Underforstått ligg ei oppfatning om at denne barnehagen går med ledig kapasitet.

LES SAKEN HER: – Det er ikkje Sandnes som seier nei til å la ungar på nordsida gå i Forsand barnehage

Kan derfor roa alle med at Eikehaugen barnehage på Fiskå ikkje har ledige plassar pr. i dag, og at det ser ut til at barnehagen kjem til å ha full dekning også til nytt barnehageår.

Vil også retta ei takk til politikarane i Strand som vedtok at oppvekstsenteret i Nordre Strand skulle få halda fram som før. Barnehagen er som nemnt full, og så å seia alle barna er heimehøyrande i Nordre Strand.

Minner elles om at viss barnehagen på Fiskå hadde blitt nedlagt, måtte nordbygdingane også heilt til Jørpeland for å få plass i ein kommunal barnehage. Når elevtalet på skulen i tillegg er stigande, viser dette at Nordre Strand oppvekstsenter er liv laga!

Artikkeltags