Helsedirektoratet rår til at pårørande kan besøka sine i helse- og omsorgsinstitusjonar

TAUTUNET: Pårørande kan nå besøka sine ute i hagen til Tautunet.

TAUTUNET: Pårørande kan nå besøka sine ute i hagen til Tautunet. Foto:

Onsdag kom Helsedirektoratet med anbefalinga om at bebuarar på institusjonar igjen skal kunna få besøk av sine pårørande. Det er helseføretaka sjølve som skal vurdera korleis dette kan gjerast på ein forsvarleg måte.

DEL

I si anbefaling seier Helsedirektoratet at besøka skal vurderast og avtalast på førehand.

– Den enkelte sine behov for besøk blir vurdert opp mot risiko for smittespreiing, risikofaktorar hos den enkelte, smittesituasjonen lokalt og om institusjonen har kapasitet og tilgjengelege ressursar som krevjast for å gjennomføra besøk, skriv direktoratet på nettsidene sine.

På Tautunet har dei opna for at pårørande kan besøka sine i hagen.

Det må førast besøksprotokoll over besøkande i tilfelle det oppstår behov for smittesporing. Besøka skal vidare skje i tråd med nasjonale smitteverntilrådingar.

– Forhold som kor alvorleg sjukdommen er, forventa levetid, kognitiv fungering, eventuelle kommunikasjonsvanskar, behov for nærleik og omsorg, pårørande si betyding for pasienten sin tilstand og tryggleik, lengda på institusjonsopphaldet er nokre av vurderingane helseføretaka må gjera, peikar Helsedirektoratet på.

I nokre tilfelle vil det vera særleg viktig å leggja til rette for at pårørande får besøka sine næraste i institusjon, skriv dei vidare i tilrådinga.

– Eksempel på slike tilfelle er pårørande til kritisk sjuke eller døyande, pasientar med langvarig opphald i institusjonen, samt at partnar skal kunna vera til stades i samband med fødsel og barselstid. Ved alvorleg sjukdom og uavklarte tilstandar vil ei samla vurdering av pasienten og dei pårørande sine behov kunna tala for besøk. Institusjonen må i særleg grad leggja til rette for besøk når pasient eller pårørande er barn, rår dei vidare til.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken