Gå til sidens hovedinnhold

Historia om Jørpelandsholmen: Buplassen som etter mykje om og men blei det perfekte turområde

Jørpelandsholmen blir meir og meir populær som turområde og attraksjon for besøkjande. Men historia viser at holmen kunne ha blitt noko heilt anna enn det han er i dag.

For abonnenter

I fjor kom svaret på ei innbyggjarundersøking der folk blei spurde om kva dei synest Strand kommune har lukkast best med. Den viste at Jørpelandsholmen og friluftslivsatsinga var det svaret som toppa lista.

Etter at det kom bru til Jørpelandsholmen i 2017 har både lokalbefolkninga og tilreisande brukt denne nye byparken flittig. Kommunen sitt telleapparat på gangbrua til holmen viser til og med at besøket har auka dei siste par åra. Så langt i 2021 har det i gjennomsnitt vore dagleg over 900 personar har besøkt denne holmen.

Ved sida av å vera eit populært tur- og utfartsområde for dei som bur i Strand, har Jørpelandsholmen også blitt ein attraksjon. Men det var ikkje sjølvsagt at den idylliske holmen skulle bli det som han er i dag.

Jørpelands nye bypark var før i tida ein plass folk budde og dreiv med landbruk og fiske. Me veit ikkje kva tid folk dei fyrste busette seg på Jørpelandsholmen, men skriftlege kjelder fortel at det budde familiar her på 1700-talet. Størstedelen av holmen høyrde til garden Jørpeland som grensa til Tunglandselva i aust og Fjeldegardane i nord. Den austre delen av holmen har vore ein del av Tungland.

I kjeldene kjem det fram at det var busetjing på holmen på 1700-talet. I siste halvdel av 1700-talet budde Ole Jørpelandsholmen her med familien sin. På 1800-talet var det fleire husmannsfamiliar på holmen. I ein kortare periode på 1800-talet budde det til og med folk på naboholmen, Fjeldsholmen.

Den gongen var sundet mellom fastlandet og Jørpelandsholmen mykje breiare enn i dag. Holmen var neppe ein særleg populær plass å bu. Utpå 1800-talet auka folketalet og det blei trongare om plassen og vanskeleg å skaffa seg eit gardsbruk å leva av. Å leva som husmannsfolk på små jordflekkar blei utvegen for mange familiar.

Gunnar Nilsen var ein av dei som busette seg på Jørpelandsholmen. I 1875 var Gunnar på sjøen i periodar, mens han elles gjekk på dagarbeid. På husmannsplassen sin på Jørpelandsholmen hadde Gunnar og familien tre sauer i tillegg til at dei dyrka litt poteter og bygg. Ein annan husmann på Jørpelandsholmen var Lars Larsen, som i 1875 budde her med kona si. Han laga tresko for sal og dei hadde ei ku og 18 sauer.

Jørpelandsholmen blei skilt ut i 1881 og første gardbrukar var Torger Bjørnsen Jøssang. Dei som budde på holmen den gongen var både gardbrukarar og fiskarar. I 1905 kjøpte Kristoffer Gulliksen Tungland delar av Jørpelandsholmen for 3000 kroner, før han fem år seinare selde til AS Ryfylke Kraftanlæg for 7000 kroner.

Sauerholmen

I 1925 blei store delar av Jørpelandsholmen seld for 8.000 kroner til tyskaren Wilhelm Sauer, som kom til Jørpeland i 1912 for å jobba på Stålverket. Han var gift med Josefine som var frå Hyllestad i Sogn og Fjordane, og dei hadde to barn, Willy og Elly. På holmen hadde dei høns, gris og geiter. I tillegg dyrka dei poteter, grønsaker og hadde frukttre. Denne familien gjorde at Sauerholmen blei eit mykje brukt namn. Ennå i dag finst det folk som kallar Jørpelandsholmen for Sauerholmen.

Wilhelm Sauer døydde i 1933, bare 42 år gammal. Familien hans budde bare på holmen nokre få år til, før dei flytta over til fastlandet. Fru Sauer selde ein del av holmen til Harald Haugen, ein pensjonert sjømann frå Stavanger som slo seg ned her og bygde hus, løe og naust. Han hadde dyr, dyrka grønsaker og budde her til han døydde på 1950-talet. Arvingane ville selja eigedommen til hyttebygging, men fekk ikkje lov til det. Stålverket overtok deretter eigedommen. Wilhelm Sauer sin son, Willy, brukte etter krigen Sauer-huset som sommarhus inntil kommunen etter kvart overtok eigedommen.

Stålverksarbeidaren Mikal Gundersen hadde også hus på Jørpelandsholmen etter krigen. Men han flytta på 1950-talet og selde huset til Bergit og Hartvik Eike. Hartvik var fiskar, og dei skal ha budd her heilt til slutten av 1970-åra. Mikal Gundersen, som hadde selt huset sitt, lengta seinare tilbake til holmen. Han fekk lov til å byggja nytt hus på vestsida på eit vilkår: At huset blei rive når hans tid var over.

Den austre delen av holmen høyrde heile tida til Tungland-garden, og blei også kalla Tunglandsholmen. I 1940- og 1950-åra gjekk det både kyr og hestar på denne delen av holmen.

Industriområde

På 1970-talet blei Jørpelandsholmen interessant for Stålverket. Hjørnesteinsbedrifta på Jørpeland fekk konsesjon av kommunen til å kjøpa noko av holmen. Ein del blei omregulert til industriområde. Tidleg på 1980-talet var det fleire bedrifter som meldte interesse for å driva industriverksemd her.

I januar 1983 skreiv Strandbuen at både Hans Norland, Singel- og Grussenteret og Harald Offshore søkte om å få etablera seg på holmen. Dessutan var Nye Stavanger Staal A/S interessert. Kommuneadministrasjonen gjekk inn for gjenfylling av sundet og såg moglegheiter for hundrevis av nye arbeidsplassar. Men planane fekk fleire lesarar til å skriva innlegg i lokalavisa om at naturperla ikkje måtte øydeleggast. Det blei også sett i gang underskriftsaksjonar.

I november same året gjekk fleirtalet i kommunestyret inn for at adkomsten til industriområdet på holmen skulle vera bru og ikkje utfylling. Eit forslag frå SV om å regulera heile holmen til friområde fekk i same møte bare to stemmer. Fleirtalet ville venta og sjå kva bedrifter som meldte interesse for holmen i framtida.

Men i mars 1984 trekte Harald Offshore sin søknad om tomt på Jørpelandsholmen på grunn av høg kvadratmeterpris. Interessa frå andre bedrifter skulle også ha dabba av. Bare skipsreiar Hans Norland sa seg framleis interessert, skreiv Strandbuen. Nordmarka ved Tau segla samtidig opp som det nye, store industriområdet i Strand.

Friluftsområde

Sidan var det lite snakk om å bruka Jørpelandsholmen til industri. På 1990-talet gjekk Ryfylke friluftsråd inn for å sikra øya som friluftsområde. På 2000-talet blei det for alvor snakk om å få bygt gangbru og utvikla holmen til parkområde. I 2009 blei det lagt fram planer om både park, scene, symjebasseng, toalett, turstiar og brygger. Året etter starta ei omfattande nedhogging av mykje av skogen på holmen. I tillegg blei det brukt sauer og skotsk høglandsfe til å halda vegetasjonen nede.

I 2013 var Jørpelandsholmen eigd av tre partar. Strand kommune eigde ein del, stålverket ein annen, mens den tredje parten av holmen framleis var eigd av grunneigar på Tungland. Same år kjøpte kommunen Stålverket sin del for 1,5 millionar kroner.

Ordførar Helge Steinsvåg (Ap) var blant dei som i fleire år ivra for å få på plass gangbrua raskt, men ei realisering av bruplanane møtte også sterk motstand frå opposisjonen. Mange meinte at kommunen hadde viktigare ting å bruka pengane sine på, og då særleg skular. Så lenge brua blei sett opp mot utbygging og vedlikehald av skular, vekte bruplanane heller ikkje så stor begeistring blant innbyggjarane. Skepsisen til å bruka kommunale kroner på å byggja bru var i ein periode ganske stor.

Våren 2015 inviterte Ryfylke friluftsråd og Strand kommune til opninga av ein 2,1 km lang turveg på Jørpelandsholmen. Vegen blei godt motteken, men den var ikkje for alle. Kommunen hadde ennå ikkje funne råd til gangbrua, og det var fyrst og fremst dei med båt som kunna nytta seg av den flotte turstien. Utpå hausten 2015 var bruplanar til 14,5 millioner kroner oppe til behandling i kommunestyret. Nok ein gong valde fleirtalet å utsetja brua på grunn av økonomiske prioriteringar.

I mai 2016 kom det fram at drifta av Strand kommune året før hadde gått med eit solid overskot. Då meinte det store fleirtalet av kommunepolitikarane at det nå var blitt forsvarleg å bruka pengar på bru. Og dermed blei bygginga sett i gang.

I dag kan me slå fast at satsinga på Jørpelandsholmen som eit godt tilgjengeleg park- og friluftsområde har vore ein gedigen suksess. Men det kunne ha gått annleis.

Kjelder:

Foredrag om Jørpelandsholmen av Tom Steinsvåg

«Folk i Strand». Gards- og ættesoge for Jørpeland.

Gamle årgangar av Strandbuen

Kommentarer til denne saken