«Historia viser at diskusjonar, uklarheter og usemje rundt drift og vedlikehald i leigekontraktar skaper støy»

FÅR IKKJE EIGA: Trass i at Midtun grendelag sjølv vil eiga skulen på Heia, vedtok kommunestyret å leiga ut bygget til grendelaget..

FÅR IKKJE EIGA: Trass i at Midtun grendelag sjølv vil eiga skulen på Heia, vedtok kommunestyret å leiga ut bygget til grendelaget.. Foto:

Av

Senterpartiet oppmodar posisjonspartia til å vurdera å selja Heia skule og heile eller deler av området til Midtun grendalag.

DEL

LeserbrevI kommunestyremøtet 17. juni vedtok posisjonspartia H/KrF/FrP/V/BTN å tilby Midtun grendalag ein leigeavtale med Strand kommune for skulen på Heia. Det meiner Senterpartiet og resten av opposisjonspartia er ei dårleg løysing både for folk på Heia og Strand kommune. Me vil, som dei sjølv ønsker, la heiarane overta skulen og heile/deler av uteområdet til ein symbolsk sum.

Underskriftskampanjen med 480 underskrifter viser at saka om mogleg sal av eigedommen knytt til Heia skule har skapt sterke reaksjonar blant heiarane. Heia skule består av sjølve bygningen på 500 kvm og eit uteområde på 5600 kvm. Skulen brukast i dag som «grendahus» der Midtun grendalag står for vedlikehald og drift i samarbeid med Strand kommune. Skulen er utleigd i snitt tre dagar i veka til ulike formål. I tillegg er skulen ein viktig samlingsstad på 17. mai og ved andre arrangement.

I formannskapet 13.05 ville i utgangspunktet posisjonspartia omregulera skulen og leggja eigedommen ut for sal. Engasjementet til heiarane gjorde at dei snudde, og i staden vil tilby ein leigeavtale. Senterpartiet er samd i at ein leigeavtale er ei betre løysing enn omregulering og sal, men me meiner likevel at ein leigeavtale er ei dårlegare løysing enn det samarbeidet som eksisterer i dag der Midtun grendalag står for vedlikehald og drift i samarbeid med Strand kommune.

Derfor vil Senterpartiet åtvara mot ein leigeavtale, fordi me trur at det vil leggja meir forpliktingar på grendalaget, og auka administrativ ressursbruk i kommunen. I vedtaket frå posisjonspartia står det at kommunen ikkje skal «ha utgifter med vedlikehald og drift av skulen». Historia viser at diskusjonar, uklarheter og usemje rundt dette med drift og vedlikehald i leigekontraktar i mange tilfelle skaper støy, som igjen fører til eit dårleg samarbeidsklima.

Til sjuande og sist er det ofte kommunen som blir sittande med brorparten av kostnadene. Derfor er det ikkje utan grunn at rådmannen påpeika nettopp dette i kommunestyret 17.06. I desse innsparingstider treng me ikkje å pålegga administrasjonen unødvendige administrative oppgåver. Senterpartiet vil derfor oppmoda posisjonspartia igjen til å vurdera å selja skulen og heile/deler av området til grendalaget. Det er inga skam å snu!

Artikkeltags